Skuleborn går på veg langs stakittgjerde

Påmeldinga til Beintøft 2019 har opna!

For femte året på rad er det klart for Norges største gå-til-skulen-aksjon, Beintøft. Frå 2.-29 september skal barneskuleelevar (1.-7. klasse) over heile Noreg konkurrere mot kvarandre om å kome seg til og frå skulen på miljøvenleg vis. Føremålet er å inspirere til å la bilen stå ved å gå, sykle eller ta kollektivt.  

Årets hovudtema er «Gå saman for framtida», som skal reflektere at born over heile landet samlast om å gjere eit tiltak for ein grønare kvardag. Undervegs i konkurransen vil det bli presentert eit nytt tema for kvar veke, med mange spanande oppgåver som skal løysast i fellesskap. 


Ikkje berre er Beintøft sosialt og hyggjeleg for klassa å vere med på, det er også eit godt tiltak for å forbetre luftkvaliteten, trafikktryggleiken, helsa og miljøet. Dei beste klassane vinn fine premiar, som skal bidra til vidare miljøvenleg aktivitet og kome heile klassa til gode. 


Nasjonal vinnar: 30 000 kroner til årets tøffaste klasse
Beste klasse per trinn: 1.-7. klasse: 5000 kronar
Beste klasse per fylkje: 5 000 kronar
Vinnaren av kreative vekesoppdrag: Kvar veke delar vi ut 2 000 kronar til vinnaren av kreative vekesoppdrag: ein vinnar i 1.-2. trinn, ein vinnar i 3.-4. trinn og ein vinnar i 5.-7. trinn.
Gå inn på www.beintoft.no for å lese meir om konkurransen og for å melde på klassa di.

 

Tips ein ven Skriv ut