Yngvar Andersen kjem til Sagatun skule måndag 26. september
Open for alle i idrettshallen kl. 1630 – 1830
I høve verdsdagen for psykisk helse, med tema
«Unge på veg - Motivasjon for meir fysisk aktivitet»
vil elevane få møte Yngvar Andersen i Belehalli. Han skal ha ansvar for ei aktivitetsøkt med fokus på leikprega aktivitet og mykje moro. Elevane vil kunne få stille spørsmål til han om trening og aktivitet.
7. - 10.klasse kl. 1230 – 1400
Elevane får frukt og vatn etter aktivitetsøkta.
Elevane og foreldra er hjarteleg velkomne tilbake i idrettshallen kl. 1630 – 1830 då det vil vere ei økt som er open for alle interesserte barn og vaksne.
Velkommen til ein spennande dag i eit folkehelseperspektiv.
Sagatun skule

