Skiløyper på Nessane
Det vert køyrt opp skiløyper i Nessadalen så lenge det er forhold.
Første langrennsspor oppkøyrt 7/12-11.
Dette vert halde ved like heile vinteren så lenge veret tillet det.
Oppkøyringa skjer på frivillig basis og løypekøyrar er:
| Namn | Mobil |
|---|---|
| Helge Bakke | 950 74 294 |
| Ken Heine Bakke | 990 29 896 |
Nessadalen ligg på ca 300 meter over havet og er ei naturperle. Her er stabilt vinterføre og det kan vere jamnt over 10 grader kaldare enn nede på Nessane.
Dei som likar å gå på ski kan anten nytta løypa her eller ta turen oppover skogsvegen og vidare til fjells så langt ein orkar. Breien og Hesjedalen er populære mål. Vel ein å gå vidare kan ein gå til Hest, Tenndalen og nedatt til sjøen eller inn til Saurdalen. Kart og kompass eller kjentmann er anbefalt om du vel ein av desse rutene og ikkje har vore her før.
Vil ein berre opp i høgda er det også eit flott utgangspunkt.Det er nokre fantastiske nedkøyringar om ein tek turen hit. OBS: Rasfare i ein del område. Sjekk før du går eller kontakt kjentmann.
Bilete frå skiløypene på Hjelsengi i Nessadalen:




