PP-tenesta
Generelt om tjenesten
Beskrivelse
Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal sørgje for at det blir utarbeidd ei sakkunnig vurdering der lova krev det. Dette gjeld først og fremst vurdering om behov for spesialpedagogisk hjelp for born i førskulealder og behov for spesialundervisning for elevar i grunnskulen, vidaregåande skular og i vaksenopplæring på grunnskulen sitt område.
Opplæringslova krev også sakkunnig vurdering i ein del andre tilfelle, mellom anna
- tidlegare eller utsett skulestart
- fritak frå opplæringsplikta
- teiknspråkopplæring
- punktskriftopplæring for blinde og sterkt svaksynte elevar
- søknad om inntil to års ekstra vidaregåande opplæring
- søknad om inntak på særskilt valt utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1
Målgruppe
Barn, ungdom og elevar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.
Kriterier/vilkår
Du har ikkje eller kan ikkje få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.
Serviceerklæring
Regelverk
Alle kommunar og fylkeskommunar skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste.
Lover
Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 5-6 Pedagogisk-psykologisk tenesteLov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 5-7 Spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder
Forskrifter
Forskrift til opplæringslovaPraktisk informasjon
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Born/elevar under 15 år blir tilvist av føresette sjølve eller i samråd med barnehage/skule/helsestasjon. Unge over 15 år kan ta initiativ til tilvising sjølv, eventuelt i samarbeid med skulen.
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp med tilvisinga.
Skjema
Tilvisningsskjema spesialundervisningSøknadsfrist
Tilvisingar blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Søknaden sendes til
Balestrand kommune
Kong Beles veg 20
6899 Balestrand
Saksbehandling
Uttalen frå PPT er eit ledd i saksførebuinga før det blir gjort vedtak om spesialundervisning o.a.
Saksbehandlingstid
Førespurnader om tilvising blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Avdeling:
- Servicetorget
- Telefon:
- 57 65 12 00
- Epost:
- postmottak@balestrand.kommune.no
- Postadresse:
- Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND
- Besøksadresse:
- Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND
Andre opplysninger
- Oppdatert:
- 2012-09-20 12:49
- Gyldig fra
- 2012-09-20
- Gyldig til
- 2013-09-20

