Oppreisingsordning
Sogn og Fjordane fylkeskommune og kommunane i fylket vil ta eit moralsk ansvar for personar som vart utsette for overgrep eller omsorgssvikt i institusjon, fosterheim eller anna kommunal plassering. Med oppreisingsordninga vil dei gi både ei oppreising og ei orsaking utan atterhald. Ordninga gjeld personar som var under offentleg omsorg fram til 1. januar 1993.
Fylkeskommunen skal stå for driftinga av ordninga på vegne av kommunane i fylket. Det er oppretta eit sekretariat som skal gi informasjon om ordninga, rettleie søkjarar og førebu sakene for eit eige oppreisingsutval som skal avgjere søknadane.
Om oppreisingsordninga
Personar som ved eigenerklæring og eventuell annan dokumentasjon sannsynleggjer at dei har vore utsette for overgrep og/eller omsorgssvikt medan dei var under kommunal omsorg før 1. januar 1993, vil få ei oppreising på inntil 725.000 kroner.
Det vert ikkje gjort frådrag for innvilga erstatning etter Stortinget si utvida og tilpassa vederlagsordning.
Det er kommunen som plasserte barn i institusjon, barneheim eller liknande, som er ansvarleg for å gi oppreising til dei som har vore utsette for overgrep og/eller omsorgssvikt. Oppreisinga skal ikkje ytast med grunnlag i juridisk ansvar og økonomisk tap.
Sogn og Fjordane fylkeskommune og alle kommunane i fylket har gjort vedtak om å vere med i oppreisingsordninga.
Søknadsfrist
Ordninga er i drift frå 01.01.2011 til 01.01.2013.
Søknad om oppreising må vere fremma innan 01.01.2013.
Ordninga vil halde fram til alle søknadane som er fremma innan fristen er ferdig handsama.
Oppreisingsutval
Det er oppretta eit oppreisingsutval som skal avgjere søknadane. Søknadane vil normalt bli handsama innan 6 månadar.
Utvalet består av følgjande medlemer:
Arvid Mellingen (leiar) – jurist
Wenche Søvik Myklebust – psykolog
Inger Johanne Solheim – sosionom
Klage
Oppreisingsutvalet sine vedtak kan påklagast til respektive kommune sitt faste klageorgan. Klagehandsaminga følgjer reglane i forvaltningslova så langt dei passar. For meir informasjon rundt klage, kan ein ta kontakt med sekretariatet.
Vedtekter
Vedtektene for oppreisingsordninga.
Søknadsfrist:
1. januar 2013.
Slik søkjer du:
Last ned søknadsskjema:
Søknadsskjema (PDF)
Søknaden skal sendast til:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Oppreisingsutvalet sitt sekretariat
v/ Merete Myklebust
Askedalen 2
6863 Leikanger
Ver vennleg å ikkje send søknadsskjemaet via e-post.
Treng du hjelp eller meir informasjon, kan du ta kontakt med sekretariatet ved Merete Myklebust.
Tlf 57 65 61 81, e-post oppreising@sfj.no.
Du kan få hjelp til å fylle ut søknaden på Fylkeshuset i Leikanger. Fylkeshuset har besøksadresse Askedalen 2.

