Bilde fra Balestrand
English Deutsch French
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten: 

UTLYSING AV MIDLAR FRÅ NÆRINGSFONDET

Første søknadsfrist 24. mai.

 

 
Balestrand kommune får skjønsmidlar til næringsfond som er løyvde over statsbudsjettet og vidareformidla av Sogn og Fjordane fylkeskommune.
 
I vedtektene for fondet heiter det mellom anna:
«Fondet kan nyttast til tiltak med føremål å fremje nærings- og samfunnsutvikling gjennom tilrettelegging, støtte til nyetableringar og vidareutvikling av eksisterande verksemder.
Midlane skal i utgangspunktet ha utløysande effekt. Tilskot skal bidra til at prosjekt som elles ikkje ville blitt gjennomført vert realisert.
Søknader som går på tilrettelegging og etablering av ny næringsverksemd bør prioriterast.
Samla støtte frå næringsfondet til bedriftsutvikling skal ikkje overstiga 50% av tiltaket sitt kapitalbehov.
Bedriftsutviklingstiltak som betrar sysselsettingsvilkåra for kvinner og ungdom kan likevel givast inntil 75% støtte.
Tilskot til investeringar kan utgjere inntil 30 % av kapitalbehovet.
Maksimalt tilskotsbeløp til bedriftsretta tiltak er kr 150.000.
Støtte kan givast som tilskot og lån.»
Vedtektene  i si heilheit er å finne under Endeleg+vedtak+26.4.12+VEDTEKTER+FOR++N%C3%86RINGSFOND+BALESTRAND.pdfpå Balestrand kommune si heimeside.
 
Verksemder eller personar med tilhald i Balestrand, eller planar om næringsverksemd i Balestrand, kan søkje om midlar frå næringsfondet . Søknad kan sendast Balestrand kommune, Kong Belesveg 20, 6899 Balestrand eller postmottak@balestrand.kommune.no.
Søknader som er motteke innan 24 mai vil bli handsama i  juni. Søknader som kjem inn seinare vil bli handsama så raskt som mogeleg, men tidlegast i september. For nærare informasjon, ta kontakt med næringssjef Johannes Sjøtun, tlf 94134344 eller e.post johannes.sjotun@balestrand.kommune.no.
 
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon Balestrand kommune

Balestrand kommune
Kong Beles veg 20
6899 Balestrand
57 65 12 00
E-post

Opningstider: 09 - 15

Einingar og tilsette

Tenesteomtalar

Statleg informasjon

Web levert av CustomPublish AS