Bilde fra Balestrand
English Deutsch French
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten: 

Bustadtilskott til etablering

Generelt om tjenesten

Beskrivelse

Du kan søkje om tilskott til etablering dersom du har dårleg økonomi og treng hjelp til å skaffe deg ein nøktern og eigna bustad. Ordninga er behovsprøvd. I spesielle tilfelle kan tilskottet òg brukast til refinansiering for å kunne behalde bustaden, gjerne i kombinasjon med startlån.

Målgruppe

  • Personar med nedsett funksjonsevne
  • Flyktningar
  • Sosialt vanskelegstilte

Kriterier/vilkår

Bustaden skal vere nøktern, både når det gjeld storleik og kostnader. Vidare skal bustaden vere godt eigna for ei eventuell funksjonshemming.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

aaa

Serviceerklæring

___

Praktisk informasjon

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Søknaden skal skrivast på skjema HB 7.S.13. Blanketten får du frå kommunen eller frå lenkja nedanfor.

Skjema

Søknad om startlån, tilskot til etablering og tilpassing

Vedlegg

Vedlegga går fram av punkt 8 i søknadsskjemaet.

Søknaden sendes til

Balestrand kommune
Kong Beles veg 20

6899 Balestrand

 

postmottak@balestrand.kommune.no

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Grunngje dette eventuelt med nye opplysningar. Klagenemnda i kommunen er klageinstans.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:
Nav Balestrand
Telefon:
55 55 33 33
Postadresse:
Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND
Besøksadresse:
Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND

Andre opplysninger

Oppdatert:
2012-08-24 14:29
Gyldig fra
2012-03-23
Gyldig til
2013-04-17
Web levert av CustomPublish AS