Barneverntenesta inn i Sogn barnevern
Introduksjonsdag 7. september
Frå 1. september 2011 er det Sogn barnevern som har ansvar for barneverntenesta i Balestrand kommune. Den 7. september var dette markert her i Balestrand.
Denne dagen vart avsett som ein introduksjonsdag for det nye samarbeidet. Dei fleste tilsette i Sogn barnevern tok turen hit ut til Balestrand. Her stilte alle naturlege samarbeidsparter for barnevernet opp. Dette er rektorar på skulane, styrar for barnehage, PPT-rådgjevar, Psykiatrisk rettleiar, pedagogisk rådgjevar, helsesøster, kommunelege, NAV-leiar, politi samt administrativ og politisk leiing i kommunen.
Målsetjinga var å bli betre kjende, og å drøfte moment som gjer at barneverntenesta kan fungere best mogeleg i tida som kjem.
I tillegg vart det gjennomført ei høgtideleg og fin markering av at Balestrand no har slutta seg til Sogn barnevern av ordførarane Einar Målsnes og Jarle Aarvoll.
Under oppsummeringane var det ei samstemt oppfatning; dette skal bli ei stabilt og fagleg god teneste - til beste for brukarane i Balestrand.